Minst ein gong i veka så må vi ete tomatpasta. Litt fordi det tek kort tid å lage, men mest fordi vi berre må ha kvitlauksande. Denne pastaen med tomatsaus er ein enkel, smakfull og mettande rett. Kvitlaukspestoen er ein tvist på ein tradisjonell grøn pesto, men med ein god del meir kvitlauk og utan noko parmesanost. Dette er ein slager kvar gong hjå oss, men ver var den sterke kvitlauksmaken!

Kvitlaukpesto

  • Rist pinjekjernane i ei tørr panne over middels varme til dei vert gylne. Det tek om lag 5 minutt.
  • Mens pinjekjernane kjøler seg ned, skrell kvitlauksfedd og skjer dei veldig grovt.
  • Knus pinjekjernane i ein mortar. Sett dei så til sida.
  • Så knuser du kvitlauken så godt du kan i mortaren. Du kan sjå at dei er ferdige når du ikkje har nokon bitar igjen.
  • Vask basilikum og skil blada frå dei tjukkaste stammane. Dei litt finare stammane kan du finhakke og ha opp i mortaren saman med blada. Mos dei saman med kvitlauken til dei er oppløyste og du har ein fin blanding. Om du slit litt så kan du alt nå ha i litt olivenolje for å hjelpe.
  • Du kan nå røre inn pinjekjernane og olivenolje til alt får ein konsistens du liker, og smak til med salt. Du kan ha pestoen over på glas om du får noko til overs. Den held seg nokre dagar i kjøleskap.

Saus og pasta

  • Sett på ein kjele med masse vatn til kok. Når det koker opp har du i masse salt. Det skal smake som havet. Dess kortare koketid, dess meir salt.
  • Skjer opp kvitlauk i tynne skiver og ha i ei steikepanne med olivenolje over medium-ish varme til den mjuknar og lukter godt.
  • Ha i tomatpuré og chiliflak og steik til blandinga skil seg og olja tek til seg fargen. Om du bruker soyasaus, hell han i nå.
  • Så skal dei hermetiske tomatane i panna. Skyl boksen med litt vatn og hell og «tomatvatnet» i panna.
  • Auk temperaturen til middels høg og kok ned sausen til den tjuknar. Smak han til med salt og pepar. Nå kokar du og pastaen din al dente (i kjela med masse vatn til kok, ref steg 1).
  • Når pastaen er ferdigkokt, ha han i panna med sausen og bland alt saman.
  • Server med ein god slump kvitlaukspesto på toppen, eit lite dryss olivenolje, nokre basilikumblad og, om du ønskjer det, litt parmesanost. Njut!