Denne olja har eigentleg inga oppskrift. Blir berre bra dersom ein gjer det utan ein plan. Tolk mengdemål på eiget ansvar.
Korleis Susan likar det best:
- Fyll opp det glaset du ønskjer å oppbevare olja i med ein god mengde gochugaru (koreansk chiliflak). Omtrent halveis opp glaset. Legg så til eit par spiseskeier med sterke chiliflak, for å auke styrkenivået. Knus og to spiseskeiar med pepar i ein mortar og tilsett dette. Hugs og ei teskei eller to med salt. Eg legg og gjerne til eit par kvitlauskfedd.
- Varm den nøytrale olja opp i panna til den blir kokande. Mengde tek ein på augemål, men det skal vere nok til å fylle opp glaset du har sett føre deg. Eg veit ikkje om det er magi, men kvar gong eg tek det på augemål så vert det perfekt. Kan hende eg er kjempegod på augemål.
- Hell olja over krydderblandinga i glaset. Gjer det litt og litt då det vil boble og bruse. Hell så over eit par teskeier med sesamolje. Her må eg nemne at det sikkert er lurt å bruke ei bolle som eigentleg tåler høge temparaturar og ikkje eit gamalt syltetøysglas slik som meg. Glas kan nemleg sprekkje.
- Avkjøl og nyt :-)
Kinesisk måte:
- Fyll opp ei metallbolle eller eit glas med gochugaru, sterke chiliflak og grovmalt pepar (frå peparkorn, ikkje butikkjøpt malt pepar, værsåsnill). Tilset no passande mengde med salt, sukker og litt sesamfrø.
- Fyll ei kald kjele med olje. I den kalde olja tilset ein kvitlauksfedd og ingefær i skiver. Om ein har vårlauk liggjande heime kan dette også gå oppi. Vidare skal ein ha oppi kanelstang (ekte kanel, værsåsnill) og anisstjerner.
- La oljeblandinga sakte kome opp til middels varme. Ein vil kunne sjå at olja er ferdig når kvitlauken har blitt lysebrun på utsida, eller noko anna begynner å bli mørkebrunt.
- Ta alle ting ut frå olja med ei sil, og hell olja over krydderblandinga. Topp det heile med eit par teskeier sesamolje. Oljeblanding ferdig ;-)