På ein søndag er det ikkje noko som er så godt som eitt skikkeleg heimelaga måltid. Denne gryta er lett å lage, og samtidig så tilfredsstillande som eit kvart festmåltid. Smakane kjem saman på ein magisk måte mens gryta står i omnen i ei time. Gryta vert best om du lagar ho med tørre kikerter (leggast i blaut eit døgn før) men i ei knipe kan du bruke kikerter frå boks. For ein ekstra dimensjon, topp den med vår heimelaga chiliolje.
Framgangsmåte
- Eitt døgn før du skal lage gryta, legg du kikertene til blaut i nok vatn til at dei er godt dekke med rom til å doblast i størrelse.
- Set omnen til 200° på over- og undervarme.
- Skjer auberginen i terningar, om lag 2-3 cm i breidda kan dei vere. Desse legg du i eit dørslag med ei generøs mengde salt, slik at auberginen skal få sveitta ut.
- I ei stor gryte (som er omnsikker) skal ein nå steike den grovhakka raudløken i olivenolje på middels varme. Når lauken har vorte gjennomsiktig set ein til paprika i store bitar og finhakka kvitlauk, og steiker alt vidare i rundt to minutt. Du kan og setje til tomat om du har.
- Grovmal peparkorn og korianderfrø i ein mortar. Ha dei, og dei andre kryddera i gryta. La det steike litt vidare slik at kryddera kan sleppe ut dei gode aromaane sine, men pass på at det ikkje vert brent.
- Ha i dei hermetiske tomatane, kikertene og nok vatn til at det dekker innhaldet i gryta. Set varmen på høg og la gryta koke opp. La ho koke over middels høg varme i ti minutt.
- Set gryta i omnen i ei time. Sjekk ho underveis og ha i meir vatn om for mykje koker ned.
- Gryta er ferdig når innhaldet har kome saman og kikertene er kokte. La ho kjøle seg ned i nokon minutt etter at ho er teken ut av omnen.
- Server i skåler, toppa med chiliolje. Gjerne ha noko godt brød på sida.